Gå til hovedinnhold

Figur 1 Eksempel på ekkogram frå testdatasett T2021004 som viser makrellstørje målt med ekkolodda på fiskebåten M. Ytterstad.

Testdatasett for breibands ekkolodd – for utvikling og testing av dataanalysemetodar

Vi i CRIMAC-prosjektet er stolte av å dele ei splitter ny samling av kvalitetssikra testdatasett for breibands ekkolodd. Den vitskaplege publikasjonen som presenterer desse datasetta, er tilgjengeleg her 

Her finn du små, handplukka utdrag frå datainnsamlingar frå ulike tokt og eksperiment, med arter frå sild og torsk til makrellstørje og krill. Datasetta er samla inn med fleire typar ekkoloddplattformar – alt frå forskingsfartøy til oppdrettsmerdar – og er perfekt for deg som jobbar med å utvikle, teste eller demonstrere databehandlingsmetodar for breibandsakustikk.

Kvifor er dette viktig? Testdatasett gjer det enkelt å teste og samanlikne nye metodar på ein konsistent måte. Dei kan til og med brukast tidleg i planleggingsfasen av eit eksperiment for å sette opp og teste datahandteringsrutinane på førehand. Slik sparar vi tid og får på plass gode løysingar frå start. Fram til no har det mangla ei felles, open ressurs for benchmarking og testing på dette feltet – no har vi laget akkurat det.

I den vitskaplege artikkelen vår kan du lese detaljar om kvart testdatasett, som føremål, tid og -stad for datainnsamlinga, artane som er med og korleis dei vart verifisert, kalibreringar og eigenskapar ved dataa. Dette sikrar at du får den fullstendige informasjonen du treng for å bruke datasetta på best mogleg måte.

Publikasjonen kan lesast her: Applications of broadband echosounders in fisheries and plankton acoustics - a compilation of test datasets | Scientific Data

Datasetta er tilgjengelege via Norsk Marint Datasenter si nettportal med DOI-lenke:
https://doi.org/10.21335/NMDC-1713052835

Vi oppdaterer løpande med nye testdatasett, og du finn den oppdaterte informasjonen på same sida. Dessutan har vi lagt ut praktiske python-kodar og veiledningar på GitHub som hjelper deg med å prosessere dataa effektivt

Har du datasett sjølv som du vil dele, eller spørsmål? Vi vil gjerne samarbeide!

Sjekk ut datasamlinga – her ligg det mykje spennande og nyttig for alle som jobbar med breibandsakustikk!

Figur som viser eks. på testdatasett

Figure2 Eksempel på ekkogram frå testdatasett T2021002 som viser mesopelagiske organismar målt med den taua farkosten MESSOR på 650 m djup.